Bestemødre

Når eg tenker tilbake på barndomen husker eg godt bestemor og bestefar heima i Bakkjen. Dei var ivrige Haugianere og hadde storinvasjon av predikanter kvar sommer. I 14 stive dager holdt dei møte på bedehuset. Då var dei innlosjert og bodde i Bakkjen, og det var ikkje mykje mat igjen etter at dei 14 dagane var gått og gjengen var reist.
Dei forkynte litt himmel og litt for mykje helvete, så valget skulle bli enkelt. Det var flotte åndsfylte kristne, men det lukta godt med svovel itte dei var reist ☺. Nåden dei fortalte om var vel kanskje meir «nåde deg» enn ufortjent Nåde fra Vår Herre.
Gudsbildet eg satt igjen med var vel en snill Gud med peikefinger, som kunne bli sint dersom en ikkje var snill og gjorde som han sa.
Eg var ikke så gammel da, og årene har gått, eg gjekk vel på barneskolen på denne tida, så mine minner kan være både slitt og litt frynsete og ikkje heilt rette, men likevel er dei der.
Dei aller beste kristne minnene var frå dei gongane når me stakk innom i Bakkjen, for å helsa på, og når bestemor bjynte å fortelja om ein god og snill Jesus, litt for kvar gong. Ho lytta mykje på Radio Gnisten og sang med på salmene. Bibelen låg alltid framme og åpen.
Når me flytta heimifrå og bjynte på videregående og skulle heim i helgene var det alltid godt å stikke innom til bestemor. Ho planta nåken sennepsfrø kvar gong me var innom, og så ba ho for alle sine, og det var godt. Det var nåke med den atmosfæren i den heimen som eg ikkje forstod då ,men ser det meir no.
Dei hadde Jesus på innsida i sitt hjerte både ho og Bestefar. Det var liksom Jesus som kika ut på ein måte..

Eg ser meir og meir den viktige rolla besteforeldre har i det å vise og gje Jesus videre til barn og barnebarn.
Eit lite såkorn kan bety so mykje.

I det siste har eg hørt fleire av mine kristne brør som fortel om at det er såkorna frå besteforeldra som slo rot og resulterte i at dei tok imot Jesus og er der dei e idag.

Så til alle besteforeldre,
vær frimodige og gje skatten videre.
Dere er viktige..
Gud velsigne dere rikt i
Jesu navn.

Legg igjen en kommentar