Treff du og spikaren?

Kroppen er eit fantastisk maskineri der alle delar arbeider samstemt ilag mot et felles mål i ein bevegelse. Det kan vera ein liten bevegelse på ein halvmaraton, eit smil til ein forbipasserande, eller eit klapp på skuldera til ein som har blåmåndag. Desse kroppslege rørslene går heilt på auto, det er som å pusta, blunka eller som ei tåre som renn. Det er berre noko som skjer, men av og til kan ein slik bevegelse bli uroa, som når tømraren treff tommeltotten i staden for spikaren. Årsaka kan vera så mykje, men tommeltotten blør og har det vondt og skrik etter hjelp!

Då er det fint å sjå reaksjonen til den andre handa, og eigentleg resten av kroppen, korleis den slepp det den driv med og grip om den skadde tommeltotten, og tek han ut or faresona. Alt dette skjer på refleks i ein augneblink. Når ein del av kroppen lid så merkast det på heile kroppen, alarmen går og tiltak iverksett, det ligg på ein måte i programmeringa vår.

Handa eller munnen seier aldri til tommeltotten, din idiot, sjå deg føre! Det var di eiga skuld, din klossmajor! Nei den gjer ikkje det, den gjev berre tommeltotten det den treng, omsorg, tryggheit og pleie.

Jesus forklarer i fleire fortellingar at slik skal me vera mot kvarandre. Uansett hudfarge, nasjonalitet eller andre ulikheitar «take care of each other». Me er skapte ulike, men samstundes er me heilt like framfor Gud, han gjer ikkje skilnad, me er alle skapte i hans bilete som ein kropp.

Kva er det som gjer at me ikkje meistrar å leva slik Jesus seier, det høyrest so enkelt ut, å leva ilag med kvarandre i kjærleik? «How hard can it be?» Kjærleiksbodet er eit bod som er todelt, du skal elska Gud og du skal elska nesten din. Det er eit bod frå Det gamle testamentet, eit bod som har vore slik frå den fyste morgonen, og som gjeld enno og heilt inn i evigheita, og slik Gud elskar oss, skal me elska andre.

Av og til lever me som om kun det fyrste bodet gjeld. I alle fall er det det me vektlegg mest når det knip. Men kan det verta som ein dekkoperasjon for det å elska vår neste som kan vera vanskeleg? Eg kan velja å sitja å be, og lesa i bibelen heile dagen utan å bry meg med dei som lid. Er det eit faresignal når bibelens endetidslæra blir viktigare en godheit og miskunn?

Nesten er ikkje kun den gode naboen, men òg den slampen nede i gata, han som aldri helsar og kjører som eit svin. Jesus forklarer i mange av sine forteljingar kven denne nesten er, og dei han samtaler med møter seg i døra so det syng, kvar gong, og det gjer jammen eg òg.

I romarbrevet tek Paulus opp dette tema, om kvifor me gjer det vonde sjølv om me innerst inne vil gjera det gode. «Det gode som jeg vil, gjør jeg ikke. Men det onde som jeg ikke vil, det gjør jeg.»  7:19.

Han forklarer det på same vis som indianarhøvdingen som samla barnebarna rundt leirbålet. Tema var kampen mellom det gode og det vonde, der han teikna eit bilete av ein kvit og ein svart ulv som det gode og det vonde, som me har inni oss, og dei er stadig er kamp. Eit av barnebarna spurte litt fortvila, «bestefar, kven er det som vinn av dei to, er det den kvite?» Han svarer klokt, det er den ulven du gjev mest mat! Fleire smilte og var einige om at dersom dei ga den kvite ulven mest mat vil den veksa seg sterkare enn den svarte og ville vinna.

Me går inn i pinsehøgtida no, ei tid då Guds ande blei til allemannseige for kvar den som trur. Ja ikkje berre for dei som trur, men til alle menneske vart dette tildelt, den VHF mottakaren har me alle i oss. Ein mottakar som alltid vil søkja sitt opphav og sin sendar, det ligg i programmeringa vår. Det er etablert ein kontakt mellom Redningssentralen på Sola og kvart einskild fartøy. Det vitnar Guds Ord om! På kanal 16 er det alltid ein som lyttar og svarar.

I Romarbrevet ropar Paulus i sin naud, kven kan hjelpa oss til å gjera rett? Og svaret han fekk, «det er Jesus Kristus!» Og på same vis som barnebarna rundt leirbålet fekk veta korleis dei kunne styra resultatet mellom det gode og det vonde, det er ved å gje den kvite ulven mest mat.

Men me har ein eigenskap til å riva desse boda frå kvarandre. Vårt forhold til Gud er 100%, men forholdet til dei rundt oss det kan by på utfordringar.  Gud seier at desse boda ikkje må rivast ifrå kvarandre, det er eit og same bodet. Baktalar du, og snakkar nedsetjande om nesten din, baktalar du sjølvaste Gud. Det høyrer kanskje banalt ut, men slik er det. På same måte som når nokre taler nedsetjande om mine, så råkar det meg som far.

Guds ande er den gode maten me treng, for å veksa oss sterke i Guds kjærleik. Kjærleiken er den sterkaste krafta i universet, med eit smil som kan endra dagen til ein forbipasserande. Lyset som alltid vil overvinna mørkre, og nåden som alltid er sterkare enn synda. Det gode vil alltid overvinna det vonde.

Pinse handlar ikkje så mykje om ei «spooky» heilag ande, det handlar om ei kjærleikskraft som me kan eta og drikka av, ei kraft som får oss til å gjera det gode sjølv når det er vanskeleg, og elska den som ikkje fortener det.

Eg høyrde i ein song i går der i eine strofa var, «eit sår gror ikkje berre ved å høyra gode ord», men såret treng også omsorg og pleie. Eg tenkjer me kan læra litt av høgrehanda vår neste gong me treff tommeltotten på den venstre, og visa omsorg i meining og handling. Då trur eg du treff spikaren bedre neste gong.Jesu halvbror skriv jo det same, at ei tru utan handling er død tru.

God Pinsehøgtid og Guds signing til dykk alle.

Legg igjen en kommentar