Me menneske er rare, to eller fleire personar kan høyra eller lesa ei historieforteljing og ta imot bodskap og innhald svært ulikt. Det vitnar mange gjenforteljingar om, og slik har det vore gjennom alle generasjonar og til alle tider. Det er i dette landskapet me alle er i på ein eller anna måte.
I den kristne trua tar me utgangspunkt i den same boka, den heilage Bibelen, der les me om ein Gud som ER kjærleik og sjølvsagt den store omkringliggande historia. Me studera, les, tolka og erfara ulikt, slik er me og slik blir me danna og forma som menneske.
Det er eit stort sprik i det menneskelege mangfaldet, og ein av konsekvensane er at me kan vera rykande ueinig i korleis me forstår, og i yste konsekvens skil me lag og grupper oss i einigheitsfellesskap. Skilnadane kan vera store som mellom springflo og nip fjæra. Nokre predikantar er som svovel å høyra på mens andre blir kjærlege som ei smørøskja, det er rare greie.
På denne måten kan gode kjærlege menneske ta avstand frå kvarandre for det kan verta for vanskeleg å vera saman. Det trur eg det berre ein djevel som tena på, me kristne kallar han for Satan og i fantasien liknar han kanskje ein mann med ljå og svart hettegenser. Det er det ikkje noko bibelsk grunnlag for å tru at han ser slik ut, der blir han meir forklara med begrip som, «han som splittar, han som sår tvil, han som baktalar, han som er vår motstandar og motpart, han som set ut falske anklagar, han er vår fiende, og han er løgnenes far».
Jesu Kristi evangelium handlar om noko heilt anna, det er rett og slett det stikk motsatte, der er bodskapen rettferdigheit, forsoning, kjærleik, samhald og inkluderande relasjonar. Fyst relasjon til Gud, ja, men ikkje berre det, del to i kjærleiksbodet handlar om den mellommenneskelege kjærleiken. Dei to boda er udeleleg, for svaret på ditt forhold til din Gud, ligg i ditt forhold til din neste. Splid og polarisering og brotne relasjonar trur eg aldeles ikkje er frå Gud.
Me les om splid i Bibelen òg, i Korint for vel 2000 år sia var det ueinigheiter i viktige saker. Der blei dei så ueinige at dei delte seg i grupper og fraksjoner, der nokre heldt seg til Paulus, andre til Kefas og dei hine til Apollos. Paulus refsar alle gruppene, sjølv dei som tok parti med han sjølv. Han sa, «slik splid skal det ikkje vera mellom dykk, me høyrer alle til i den same himmelsk kroppen, der alle er eit med Jesus Kristus».
Det er mykje kunnskap om Gud i ein menneskekropp. Peikefingen jobbar godt ilag med litletå og fjernar du ein av dei, slit heile kroppen med å halda ballansen.
Den kristne kyrkjehistoria vitnar og om splid, krangling og blodige krigar, som då den romersk katolske kyrkja og den ortodokse blei skilde, korstoga og reformasjonen, og 30 års krigen i kjølvatnet av den, for å nemna noko. Alle seier dei har den rette læra, og dei som meiner mot er falske røyster, dei kan me ikkje ha noko med å gjera.
Ein av Martin Luther sine førebilete, reformatoren Jan Hus tok tak i dei same problema som Martin Luther seinare gjorde, avlat og fri kjøping frå skjærselden samt korrupsjon. Han blei lyst i bann, gjort til kjettar og blei og brend på bålet den 6. juli 1415. Omlag hundre år etter kom Luther med mykje dei same teologiske tankane, og reformasjonen fekk gjennomslag, mykje takka vera boktrykkjarkunsten i Wittenberg. Sjølvsagt kom det mykje godt kom ut av reformasjonstida, men jammen blei det spilt mykje blod også.
Kva kan me læra av verdsbilete me ser i dag dersom me ser dei historiske hendingane, og les kva Paulus seier til grupperingane i Korint? Treng me gjera dei same feila som våre forferde gjorde? Eg tenkjer det er òg viktig å ha i tankane at det er sigerherrane som har skrive historia, ikkje dei som tapte kampen. Kanskje ikkje alle som blei erklærte kjettersk var av feil forståing. For å sei det på en anna måte, eg trur Jan Hus var ein OK fyr, og Paulus seier til den splittande gjengen i Korint at dei dreiv med kjøtlege sysler. I Guds Rike driv me ikkje på slik, der skal bodskapen vera det åndelege og forsonande, om at me er alle eit i Kristus.
No driv me ikkje med bålbrenning på same måte som på 1400- talet, eller gjer me det? Kanskje båla brenn på anna vis i dag gjennom so-me og trådlause tastatur, for me ser at det er framleis fleire som slit med brannskader
For få dagar sidan var det bålbrenning over heile landet, då var det jonsok feiring, då feira me bursdagen til Johannes døyparen for dei som ikkje visste det. Det er ei fredeleg midtsommars feiring der me samlast ilag på kryss og tvers av ulikheiter og bygdelag. Me ete, drikke, og pleier relasjonar og blir kjende med nye. Eg likar St. Hans brenninga betre enn den brenninga på 1400 – talet, så la oss saman einast om å bera brensle til det bålet som forsonar oss.
Om nåkre få dagar fyller eg 60 år, og Annicke spør meg for n-te gong kva eg ynskjer i gåve. Eg svarer Annicke, eg har alt eg kan drøyma om, eg har deg og dei gode sønene mine, og så får me jo låna Bjørn av Marius av og til. Men … eg ynskjer det same som det Frans av Assisis ber om i bøna si, den har surra i hovudet i det siste, om det å få vera ein reiskap for min Herre, det må vera den finaste gåva å få.
Frans av Assis bønn
Herre, gjer meg til eit reiskap for din fred.
Der hat rår, lat meg så kjærleik.
Der urett er, lat meg bera tilgjeving.
Der usemje er, lat meg skapa einskap.
Der tvil er, lat meg bera tru.
Der villfaring er, lat meg bera sanning.
Der mørker er, lat meg bera ljos.
Der sorg er, lat meg bera glede.
Å Meister,
lat meg ikkje søkja så mykje å bli trøysta som å trøysta,
ikkje så mykje å bli forstått som å forstå,
ikkje så mykje å bli elska som å elska.
For det er når vi gjev, at vi får.
Det er når vi gløymer oss sjølve, at vi finn oss sjølve.
Det er når vi tilgjev, at vi får tilgjeving.
Og det er når vi døyr, at vi blir fødde til det evige livet.
Amen.
