Bruker me framleis landnøter?

Det var ein tekst om tollaren Levi som trigga tanken i dag.

Markus 2,13 Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei. 14 Då han gjekk vidare, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han. 15 Sidan var Jesus gjest i huset hans, og mange tollarar og syndarar var til bords saman med Jesus og læresveinane hans, for det var mange som følgde han. 16 Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?» 17 Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

Mine tankar i dag.

Dette er ei historie som mange kjenner. Levi var nok ikkje den mest likte i det religiøse miljøet. Ein pengeinnkrevjar som jobba for okkupasjonsmakta, i vår tid ville me kanskje kalla han ein svikar.

Men Jesus kom ikkje med stigmatiserande haldningar, eller for å setja i bås. Jesus såg heile Levi og sa enkelt og inviterande, «følg meg!»

Då var det nok nokre som sperra opp auga, då dei høyrde det. Eg tenkjer, kva kan me læra av denne historia i dag, i vår tid. I eit samfunn er det alltid noko eller nokre som kan kritiserast, og som kan setjast ein finger på, noko som ikkje er bra. Me kan gjera som dei skriftlærde, stigmatisera, kritisera og vera dei skråsikre, og me kan sjølvsagt ha rett i noko, me kva nytte gjer det?

Me kalla ikkje folk for farisearar og skriftlærde no til dags, i så fall så er det i ein form for retorikk, med det å stigmatisera er målet. Eg merka at eg óg blir utforda på dette, og kanskje eg kan oppfattast som ein «betre enn andre type» i det eg delar om tru og livssyn på sosiale media, om det eg meina er rett.

Det er verdt å få med seg at forandringa til Levi kjem når han blir tala til av Jesus, på ein inkluderande måte, «kom å følg meg!». Den kommentaren braut alle band, banda til skam, utanforskap, og det å ikkje vera likt av sitt eige folk. Det satte Levi fri, han slapp alt han hadde og gjorde som Jesus baud han. Alle utsegna frå den religiøse eliten opp gjennom åra, med fordømmande tilrop førte ikkje til omvending, men mest truleg til eit hardare hjarta. Det Jesus sa og gjorde forandra alt, «kom å følg meg!» Levi blei sett og invitert.

Kunne me kristne vore meir frimodige her. Eg kjenne fleire kristne som kvir seg til å tala om å dela trua si, til dei som ikkje trur, nesten trur, eller berre nokre som treng ei samtala. Det er i grunn enkelt å snakka om tru med andre som trur, det er litt meir utfordrande andre vegen. Når Jesus seier i misjonsbefalinga at me skal gå ut, så trur eg han meina det. Han seier ikkje gå inn. Det er enklare og tryggare å være inne i dei religiøse samfunna, med kaffi, kaker og trekkspel enn å gå ut. No skal ikkje eg kritisera so mykje, for eg og likar óg å gå på møte, høyra Guds ord, syngja og drikka kaffi, men eg tenkjer at desse møta skal vera som ein bensinstasjon der me kan fylla drivstoff, for så å gå ut, å ikkje bli sitjande.

Det er mykje folk der ute som treng høyra den gode bodskapen om Guds kjærleik. Det er mykje ungdom som slit, som treng å bli sett, høyrt og møtt med kjærleik, utan krav. Eg har høyrt utsegn om den galne ungdomen i dag, «ungdommen no til dags, da e so gale»! Eg trur ikkje ungdommen treng fleire slike merkelappar frå oss og vår skråsikkerheit.

Kanskje dei treng ein invitasjon til å snakka om tru og ein invitasjon høyra om kva Gud har gjort for dei, og ikkje kva dei skal gjera for Gud. Det handlar ikkje om å vera god nok, det handlar meir om at det er nåde nok. Me ser og i historia at litt seinare fekk heile venegjengen til Levi sitja med same bord å høyra, eg trur det er ei frukt av å vera frimodig. Det er mange vegar til meir frimodigheit, av og til er det nok å setja døra på gløtt.

Som tidlegare fiskar veit eg at me «må ut der det er fisk for å få fangst», då må me kanskje satsa meir, og kanskje vurdera å leggja frå oss landnøtene og ta i bruk nøter som rekk djupare der fisken står.

Det er nok av fisk, prisane er høge og kvotegrunnlaget er evigvarande.

Guds velsigning til dåke alle.

Legger ved ein song av Joel Hemphill, amerikansk gospel artist.

Legg igjen en kommentar